Nesting.

Folkens, eg er ikkje død. Ikkje ligg eg på fødestova med eit lite nurk i armane heller (enno...). Eg lever, og mangelen på blogging skuldast berre at eg for ein gongs skuld har vore opptatt. Opptatt med forsøk på julegåvehandling, opptatt med å førstegongshandle inn advents- og julepynt, opptatt med familiekvalitetstid, adventskalenderlaging og ikkje minst opptatt med babyforberedelsar.
I går brukte Christian, mamma og eg godt over tre timar inne på Babyhuset i Haugesund. Det er som å komme til Paradis, og eg kjenner eg har mest lyst til å ta Christian, Pusi og Baby under armen og flytte inn der. Tenk så fint det hadde vore! Sytten forskjellige typar stellebord - med og utan badekar,  vogner i alle fasongar og fargar - etter humøret såklart, eit kosedyr for kvar time i døgnet året rundt, og sjølvsagt verdas største babygarderobe. For ikkje å nemne dei femtini forskjellig oppredde sengene - med himmel, utan himmel, rosa, blå og kvite variantar... sjølvsagt kopierte eg med meg heim det som var i den eine senga, og eg klør i fingrane etter å re opp i vår babyseng. For å sei det slik: eg vert vill, mamma vert villare, og Christian dreg oss heldigvis nedover mot jorda sånn innimellom. Uansett, no kan nurket komma - me er fullt utrusta med vogn, badekar, babycall, bleiebøtte, bæresele, klede... Endelig.

julekos
Juleverkstad i dag, pingvinar og halvferdige krukketøser.
 

Kommentarer:
Postet av: Steinsvikstøtto

Gratulerer med baby utstyr:)

30.nov.2008 @ 11:42
URL: http://frkmarie.blogg.no
Postet av: Gunhild

Ååå, da e så kos å handla inn til jul! Eg gjorde det i fjor, for då hadde jo eg min egen plass for første gong. No i år sku eg gjerna shoppa og shoppa på raude dukar og lysestakar, men eg er fattig student utan tid til anna enn å gjer lekser. Handla litt for meg du!

30.nov.2008 @ 22:37
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Silje

Steinvikstøtto: Takk ;)Gunhild: Eg skal handla ein heil masse for deg og, I promise ;)

01.des.2008 @ 15:59
URL: http://siljeht.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6699741


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com