To komma to.

Det er berre til å innsjå at me har verdas mest sjenerte unge.
Og eg skjønnar jo at det er tilnærma umogleg å sjå når Baby ligg i seteleie med ryggen vendt mot verda. Me får oss nok ein bestemt liten krabat, iallfall. Alt stod iallfall bra til, og eg skal tilbake neste torsdag. Herlig. Forresten, er det ikkje rart at Baby veg heile 2,2 kg?

Elles er eg trøytte-Silje. Eg-held-på-og-sovne-Silje. Er-det-ikkje-grusomt-varmt-her?-Slije. Og ikkje minst eg-er-lei-Silje. Dessutan et eg. Ein gravid mage er nemlig ikkje til å spøke med. Det har seg slik at magen vert stappmett av eitt-to-tre tygg av maten eg held på å spise, for så å hyle iltert etter meir når tallerknar er sett i oppvaskmaskinen og restar har segla ned i boset. Eg har med andre ord stort sett to modusar: ekstremt svolten eller stappmett. Iallfall nesten. Eg (Christian mest, kanskje...) merkar at eg vert meir og meir misnøgd jo svoltnare eg er. Difor, for å ikkje vakne av ein skrikande mage i natt eller i morgon tidleg når Christian kjem heim, et eg skogsbæryoghurt. Good girl.

Kommentarer:
Postet av: Katrine Sætrevik

Hei hei:) dumt dåke ikkje har fått veta kjønnet. men men. Har du fått veta nåke keisarsnitt dato då? :)

27.nov.2008 @ 18:16
Postet av: Silje T.

Nei, keisarsnittdatoen blir bestemt 11. desember... ;) Veit ikkje heilt om eg håpar på eit romjuls- eller nyttårsbarn ;)

30.nov.2008 @ 00:33
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Katrine Sætrevik

Det blir spennande;)

30.nov.2008 @ 14:27

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6679015


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com