Nettlesartrøbbel.

Firefox har bestemt seg for å mislika bloggen min, gjer litt hokus pokus med den og vrenger den som ei våt fille. Med andre ord: for øyeblikket likar bloggen min best Internet Explorer - og eg anar ikkje kvifor eller korleis eg får det ordna. Any ideas? Og, har du andre nettlesarar, gi meg gjerne ein lyd om bloggen smiler til deg frå si beste eller verste side.
 
For øyeblikket sit Christian og eg barnevakt på Dale. Me har sett ei lang gullrekke på NRK og fryda oss over Maiden-knowledge i Kvitt eller Dobbelt. Eg har sett to tredjedeler av filmen Drillbit Taylor, men presterte og sovna før den var ferdig. Typisk.
I dag har uansett vore ein herlig sløv dag. Eg, Amalie, Martine og Pusi har leika i snøen. Det er Pusis fyrste snø, og han er overlukkeleg. Tjukken trykker seg så flat han kan ned i snøen før han ristar litt på rumpa og spring for å jaga noko berre han kan sjå. Så sprett han litt rundt som ein sprettball og leikar med snøklumpar, før han trykker seg ned igjen.

ams

Kommentarer:
Postet av: Jeanett

Klisjèen er jo sann! Eg trur nok det er meir morosamt for ungen å vera født tidleg på året enn seint. Men så vert jo ungen "eit år yngre". haha, for ei problemstilling :)Bloggen din ser heilt fin ut her, og eg har Safari :)takk, forresten, for tipsa:)

23.nov.2008 @ 17:07
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6646700


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com