Kunnskapstørst.

Kall meg rar og spark meg under bordet, men innimellom får eg så lyst til å ha lekser. Å sitje med nasa begravd djupt nedi ei tørr bok som femten skuletrøytte par augo har lest før meg. Eg treng noko å mate hjernecellene mine med så dei kan vokse og formeire seg. Misforstå meg rett - eg har ikkje eit desperat ønske om å gjera tretti oppgåver om Noreg i vekst, men kanskje eit par om norske forfattarar eller noko? Eg saknar norsken det siste året på vidaregåande, sjølv om det var slitsomt når eg stod med beina midt oppi det.
Det har seg heller ikkje slik at eg gjerne vil gjere leksene til ein million ungdommar som villig auksjonerer bort blodslitet sitt, eg kunne berre tenkt meg å lest, studert, inhalert noko interessant, noko som eg sjølv har valt. Eg gjorde eit fåtall av mine lekser i fjor, lite motivert som eg var, men dei var ikkje særleg interessante heller. Berre om eg-treng-poeng-tema (les: matte, fysikk og kjemi) som gjorde at eg no kan velje utdanning frå ei høgare hattehylle enn tidlegare.

I dag er ein liten dose sjalusi sendt til alle mine venner som går på universitet og høgskular, rett og slett.

tistel

Kommentarer:
Postet av: Ragnhild =)

Holde du ikkje på me 3mx sånn nettbasertting då? =) Nett no missunne eg deg så ikkje har lekse! 2veke te eksamen og eg føle at eg har null kontroll.. :s burde ha sotte me naso begravd i bøkene mine, men du veit meg, klare ikkje gjera noko lekse greie før eg har skikkli dårli ti på meg ;)

10.nov.2008 @ 20:58

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6553990


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com