Middagstips.

Til Ragnhild

Har du nokon gong vore med å åte kjøttdeig & spaghetti hos bestemor og bestefar? Eg hugsar ikkje om du har, men uansett, bestefar lagar min absolutte favorittkjøttdeigssaus. Derfor skulle eg i dag utretta eit aldri så lite mirakel ved å hoppa etter Wirkola, i eit desperat forsøk på å kunne leggje enno ei fantastisk og enkel oppskrift til på vår leiligheitsmeny. Det gjekk så där.

middag2

Nokon gong sett Rottatouille? Animasjonsfilmen om rotta som er kokkeleringsgud? Eg kjente meg litt sånn idag. Iallfall i begynnelsen, når alle matvarene stod hulter til bulter på disken og eg blanda villig vekk både mjølk, tomatpuré og jevning saman med kjøttdeigen i steikepanna. Deilige dufter steig frå steikepanna mi, og eg stakk barnslig ei teskjei oppi og smakte til. Forresten har eg alltid hatt litt angst når noko anna enn kjøttdeig skal oppi steikepanna, og eg må innrømma at eg er bra skeptisk til korleis smaken vert når ein slår mange forskjellige ingrediensar saman til eitt. Eg er slett ingen "godt aleine = godt ilag"-type. Dog, med litt knall og fall og Christian og Pusi (på Pusi, les: tiggar) som hjelpekokkar, vart min versjon av kjøttdeig & spaghetti slett ikkje verst. Ikkje like god som bestefar sin, og eg hadde kanskje ikkje gitt meg sjølv ei stjerna i Michelinguiden enno, men det er jammen ikkje lenge til.

middag

Klok av skade:
- Det er ikkje lurt å gå frå kjøttdeigssausen på steikeplate med full varme. Spesielt ikkje sidan den inneheld store mengder melk som lett svir seg i botn. Gjer det aldri, sjølv ikkje om det berre er for å vekke kjærasten og tar toppen to minutt.

- Hiv aldri for mykje buljong oppi til å byrje med. Stol ikkje blindt på oppskrifta, buljong må nemlig smakstilsetjast. Om ikkje smakar heile blandinga salt, salt, salt. Om uhellet er ute: depp ei lita stund og forsøk å spe på med uante mengder melk, fløyte og jevning for å blande ut smaken.

KJØTTDEIGSSAUS

1 kjøttdeig
Løk
- steikast ilag.

1/2 - 1 tomatpuré
Melk
- spe ilag til blanding på ca 1/2 liter

Jevning, av 2 ss kveitemjøl rista i vatn
Pepper
1-2 ts lys buljong
Fløyteskvett

La småkoke ca 15 min

Kommentarer:
Postet av: Ragnhild =)

Eg har ein vag følelse av at eg har vore hos Bestefar og Bestemor å spist spagetti, ja ! =D Oppskrifto ska prøvast neste veka, når Daniel e tebake i Stavanger;) Goodbye Toro kjøttdeigsaus! ;)Takk for oppskrifto ;) ska gi ein lyd når eg har prøvd!

06.nov.2008 @ 23:56
Postet av: CityLIFE - En blogg om ingenting og alt

åh, jeg fikk lyst på det nå, namnam, =)

07.nov.2008 @ 20:24
URL: http://citylife.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6529145


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com