Syt & klag, eventuelt sjukling.

Dei siste 24 timane har eg drukke nok væska til å fylla eit heilt svømmebasseng, hatt besøk av ørten små menn som har banka laus inni hovudet mitt, og hatt så vondt for å gå at eg har likna ei hjulbeint ku og ikkje meg sjølv. Eg har hatt feber som berre juling, sveitta i bøttevis og hakka tenner lik ein ørkenvandrar på Nordpolen. Alt dette har resultert i at eg har sove i ein evighet. No kjenner eg meg endeleg litt meir oppegåande, etter å ha boltra meg blant dyna og puta på sofaen i heile kveld. Det er sikkert ikkje særlig festlig å lesa enno eit innlegg kor eg syns umåtelig synd på meg sjølv og oppsummerer alt det grusomme dagen min har bestått av, men det får så vera. No skal eg legga meg, lesa Isprinsessen til eg sovnar og håpa på ein langt betre dag i morgon. Så, for å kompensera for all klaging og syting slenger eg på eit bilete av Pusi-vår, som forresten fanga ei mus i kveld. Å vera jeger går vel fint etter at han mista reflekshalsbandet sitt med bjølla på i skogen, så det ikkje lengre lagar fine ringlelyd når han kjem.

pusivr

Kommentarer:
Postet av: linni

God bedring! : )Liker blogg designet ditt.

04.nov.2008 @ 00:43
URL: http://www.linnic.com
Postet av: Ragnhild =)

Håpe du føle deg bedre i dag! Hadde jo ikkje gjort noko om eg kom heim i helgo då, eg så va redd for å smitta deg ;) Einaste så hjelpe e paracet, masse sløving og ein go dose me å syns synd på seg sjøl ;) (og helst at noken andre syns litt synd på deg og ;) )

04.nov.2008 @ 14:53
Postet av: Drea

Nydelig bilde av en nydelig katt! :)God bedring!

04.nov.2008 @ 15:14
URL: http://drea.blogg.no
Postet av: Steinsvikstøtto

Det er lov å syte og klage litt når man er syk;)Pusen din var kjempe fin! Den minner meg litt om katten jeg hadde for noen år siden:)God bedring!

04.nov.2008 @ 20:11
URL: http://frkmarie.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6507267


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com