Kjære lesar, opplys meg.

At eg, av alle, no er i ferd med å uttale meg om presidentvalet i USA, kan samanliknast med å gå ut på ei flytebrygge under Ulrikbesøket.

Sjå for deg ei rykande svart kjele. Oppi sydar det med eit titals ulike ingrediensar, ikkje ulikt heksebrygga du ser i teikneseriar. Sånn ser eg for meg presidentvalet i USA. Eg skulle gjerne brydd meg meir, for eg trur utfallet vil ha ein del å seie for den øvrige verda, men å skilje mellom alle ingrediensane i kjelen... hjelp.

Eg har inga snøring om kven som tilhøyrer kva parti, kva dei representative kandidatane står for, korleis valet føregår... eg er like blank som eit tomt A4-ark. Den vesle stunda eg gjekk på engelsk årsstudium fekk me klår beskjed om at presidentvalet skulle føljast med lupe. Me måtte kunne gongen i valet og gjer store utgreiingar om alt mogleg, med tanke på muntleg eksamen. Det gjekk, og går framleis, grøssingar nedover ryggen min, for ærles talt: korleis set ein seg inn i det? Det er eit einaste stort garnnøste, skamklypt og med tusenvis av trådendar stikkande ut.
For øvrig kjennes det som om valet har pågått lengre enn eg kan hugse. Hillary kom og gjekk, Obama har (ettersom antennene mine har fanga opp) både fått mest merksemd og flest støtteerklæringar, og no er det han og gråhåra McCain som står igjen på dansegolvet.
I ein evighet har "objektive" media fråtsa i historiar som skal bite seg fast i veljarar og dra glansbileta deira ned i søla. Verkeleg, eg kunne ikkje brydd meg mindre om at Michelle Obama kjøper klærne sine på internett, at ein regnskur skremde McCain frå å tala eller at Barack ikkje fryktar attentat mot seg sjølv fordi han har verdas beste Secret Service som ein beskyttande berlinmur rundt seg. Difor, kjære lesar, opplys meg, gi meg ei kort briefing om kva dei ulike kandidatane står for, eller er du like forvirra som meg?

Forresten lurar eg på kor mykje som faktisk er skrive om presidentvalet 2008, heile verdspressa sett i eitt. Kor mange ord, kor mange artiklar, kor mange bilete? Hadde det samla pressekorpset brukt halvparten av valenergien på å belyse andre viktige emne, hadde verda straks blitt ein lysare stad.

Kommentarer:
Postet av: Guro

Jeg bryr meg fint lite om valget i USA. Eller, jeg bryr meg fint lite om politikk uansett. Jeg burde kanskje engasjert meg mer, men jeg klarer på en måte ikke. Det er, som du sier, alt for mye å sette seg inn i. Jeg tror ikke det får fatale følger for meg uansett om det er den eller den som vinner presidentvalget

28.okt.2008 @ 23:18
URL: http://gguurroo.blogg.no
Postet av: Gunhild

Stem Obama. Såpass veit eg :p Det vil sei, me skal jo ikkje stemma då, men.. John McCain er over 70 år gammal, og veldig gammaldags. Obama er ung, noko nytt for landet, og ikkje minst: demokrat. Eg kan heller ingenting om kva dei står for (unntatt at John McCain vil fortsetje krigen, mens Obama vil roe det ned), men Obama er nok best. Utan tvil.

29.okt.2008 @ 18:56
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Silje

Gunhild: Alt du veit! Då held eg med Obama. Stilig at han vert USAs fyrste svarte president, såfall :)

29.okt.2008 @ 21:41
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Gunhild Moss

Ja, det er tøft ;)

29.okt.2008 @ 23:10
URL: http://gmusj.blogspot.com

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6465037


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com