Confessions of a scared mind.

Hei, eg er Silje.
Eg er ho som såg toppen 20 minutt av filmen Signs og som brukte resten av tida til å halde seg for augo og øyrene. Som sendte melding til kompisen berre for å høyre korleis det enda, lenge før filmen var ferdig, og som røpte det til sine to veninner berre for å dele det med nokon. Som er overbevist om at det er verdas skumlaste film, og fnyser av dei som mobbar og kallar det usannsynleg at romvesen invaderer ein klode beståande av 70,8% vatn sjølv om dei ikkje tåler denne forma for H2O.
Eg er ho som hadde mareritt i to heile netter etter å ha sett I Am Legend.
Eg er ho som legg bøker med skumle cover med framsida ned, og som ikkje les krimromanar o.l. aleine om kvelden.
Eg er ho som knip augo godt saman og desperat trykker på "neste"-knappen på fjernkontrollen dersom eg mot all formodning droppar innom ein tv-serie om overnaturlege saker.
Eg er ho som frå liten av har sove på magen og under puta i tru om at ingen kan sjå meg.
Eg er ho som syng til seg sjølv når eg går aleine i mørkret .
Eg er ho som kan skremme livet av seg sjølv berre ved å tenkje på diverse saker.
Eg er ho som er grisetøff og modig i dagslys, som då ler høgt av natt-Silje.

Som du skjønnar er eg usannsynleg mørkredd og lettskremt. Mest redd er eg for det eg ikkje veit om er sant - som overnaturlege eller utanomjordiske saker. I kveld slo grisetøff-Silje til og såg Independence Day utan å tenkje på at denne natta skal tilbringast aleine. Filmen handlar i korte trekk om romvesen som invaderer jorda, og me må bekjempe dei før dei utryddar oss. Det er forresten grisetøff-Silje som skriv, og eg er slett ikkje redd og syns faktisk filmen både var god og actionfylt. Men berre vent til alle lys er slått av, alt er stille og eg ligg på soverommet utan gardiner. er eg nok ikkje så tøff i trynet lenger.

Kommentarer:
Postet av: Jeanett

Åå, sånn er eg og! Eg maktar rett og slett ikkje sjå skrekkfilmar, og likar ikkje sove åleine heime uansett. svar: Snøen forsvann igjen, so no er det berre kald ute! men det er litt koseleg det og :) kjekt du likte innlegget :)

29.okt.2008 @ 15:25
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/
Postet av:

åååå! eg huske når me va i kinosalen og såg signs. når me satt heilt bakerst i kroken og va ekstra redde fordi da va ekstra skummelt der:)gode tide:)gratulera med babyen! da har eg ikkje sagt! håpe du har ei utrulig flott tid:)stor klem fra anne i bergen!

29.okt.2008 @ 18:53
Postet av: Silje

Kanskje det er noe med folk som heter Silje.. Jeg er hvertfall minst like redd for romvesen og overnaturlige ting, som du beskriver. Jeg sov med et glass vann ved sengen min i lengre tid etter å ha sett signs, og jeg laget en fantastisk flott hatt av aluminiumsfolie. :p

04.nov.2008 @ 00:47
URL: http://fuchsia.blogg.no/foto

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6437379


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com