Grown-up.

Eg har blitt voksen. Det vil seie at eg gjer alle dei tinga eg i tjue år så godt som har sluppe unna. Eg vaskar kleda våre, eg les merkelappar på nytt og gammalt tøy, eg sorterer etter tørkestativ/tørketrommel, og skjønnar endeleg folk som seier at det ikkje er naudsynt å ta seg eit nytt glas kvar gong ein skal ha noko å drikka. Eg sukkar tungt over rekningar som aldri i livet kan ha vore store når pappa betalte for meg, og tek meg sjølv i å vurdera prisar, merke og smak når me går i butikken for å handla. Me har vår eigen leiligheit, våre 60 kvadrat som må haldast orden på. Eg, som på mitt eige soverom alltid har vassa i rot til knea. Det aller verste er at eg syns det er utruleg moro å plutseleg måtte gjera og ordna alt sjølv. Kva har skjedd?

I kveld har eg ledd meg skakk av Torsdagsklubben, drukke Mozell, åte rullekaka og strikka på ein lilla lapp, medan Pusi har logge i koma i stresslessen min. Stakkar, han er supersliten etter å ha vore ute å sprunge i heile dag. For tenk, Pusi-vår har vent seg til at det er her me bur og får endeleg gå ut og inn så mykje han vil. Likevel er eg stadig nervøs for trafikk og andre skumle kattar (til dømes gamle Tobben-min som er enorm og berre går rett på). Pusi har nemlig ein stygg tendens til å vera skikkelig klønete og uforsiktig, så om kvelden når han skal ut festar eg eit reflekshalsband med bjølla rundt halsen hans. Rimelig smart, I'd say.  

I dag er eg forresten heile 26 veker på veg! Baby er no ca 31 cm lang og veg 900 g. Tenk, ein heil barneskulelinjal på nesten eit heilt kilo inne i magen min! Det er ganske fantastisk å tenkja på at nurket mest sannsynleg hadde overlevd dersom han skulle finna på å koma til verda no. Snart berre tre mnd igjen...

kos

 


Kommentarer:
Postet av: Jeanett

Ja, det var det eg prøvde på, men det biletet eg prøvde å laste opp vart 2x4 cm oppe i vestre hjørne, så det er noko eg manglar av kunnskap:p Det kjem nok:)Så kjekt å sjå at det ikkje berre er eg som føler meg vaksen:p Det er rart å måtte ordne alt sjølv, og tenkje over ting som har vore irrelevante før.

02.okt.2008 @ 23:14
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/
Postet av: MADDI

For et fint bilde! Det er tatt med speilrefleks kamera, sant?:)Hvordan er det å være gravid i så ung alder egentlig? Syntes du det ødelegger for fremtiden din, eller er det bedre enn man tror? Jeg kaller det "i så ung alder" fordi jeg syntes det er ungt å få barn når man er under 23 år.Det var et veldig mystisk og fin header du har, slike bilder liker jeg!

09.okt.2008 @ 19:14
URL: http://maddisin.blogg.no
Postet av: Silje

Jeanett: Mm! Rart, men kjekt. :)Madeleine: Takk for fin kommentar! Biletet er tatt med speilrefleks, ja. :) Å vera gravid i så ung alder er heilt fantastisk, og heilt sikkert mykje betre enn du trur. Eg trur ikkje, og vil ikkje la graviditeten øydeleggja noko for framtida mi utdanningsmessig. Eg trur ikkje slikt er problematisk så lenge ein sjølv har trua på at ein kan klara det, og kjenner seg motivert. Det er sjølvsagt òg ein enorm fordel å ha støttande familie, venner og sambuar rundt seg. :)

10.okt.2008 @ 01:27
URL: http://siljeht.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6301110


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com