Matprat.

Det er ikkje sjeldan at eg gjennom årenes løp har forbanna meg over middagen som har blitt servert heime, nettopp fordi eg er så kresen. Det er ikkje mamma sin feil, for eg skjønnar inderleg godt at det ikkje er lett å tilfredsstilla smaksløkane til ein familie på fem, deriblant to superkresne avkom. Difor har eg alltid tenkt som så at alt skal bli mykje lettare når eg får laga min eigen middag kvar einaste dag. I det store og vide har eg fantasert om rykande tomatsuppe annakvar dag, rømmegraut kvar laurdag og lekre, eksotiske rettar med spicy duft. Dessverre har kreativiteten min når det gjeld kokkelering vist seg å ligga på null. Sjølv tar eg gjerne til takke med posesuppe, og eg vil påstå at eg er lett å tilfredsstilla, men når ein derimot er to så vert det litt verre. "Graut på ein tysdag?!" sa Christian og såg forskrekka på meg då eg foreslo ein enkel utveg på middagsproblemet vårt. Eg kan dog seie meg einig - verken graut eller posesuppe vert rekna som ordentlig middag. Problemet er berre det at eg kun kan komme på tre alternativ til ein skikkelig middag for oss! Kylling, ris og bretagne, taco eller jegergryta/anna gryterett. I forgårs enda me opp med jegergryta - til mi store begeistring, men det var berre fordi eg lova å laga maten medan han testa ut eit nytt spel til PS3.
Eg har mildt sagt lagt hovudet mitt i blaut mang ein gong for å komma på andre rettar som er verdt å innlemma i middagsrutinane våre, men det er ikkje lett, og kreativiteten samt dei eksotiske duftene uteblir enn så lenge. Nokon som har gode middagstips?

eple9


Kommentarer:
Postet av: Gunhild

Eg er ein sånn potet og saus-middagstype. Så eg og Thomas har laga ein del av dei. Bl.a. kjøttkaka som Thomas er så god på, og så er det alle desse middagane som mamma har lært meg, bl.a. kjøttdeig i heimalaga tomatsaus, potetstappa og amerikansk blanding, i ovnen i 30 min. Godt krydra! Andre rettar er servelatpølsa med heimalaga kvit saus, poteter, kål, makkaroni og eventuelle andre grønsaker. Ein annen som eg også liker veldig godt er kjøttdeig, løk, purre og paprika i heimalaga tomatsaus (har desverre ikkje oppskrifto i hovudet), med poteter og makkaroni. Nam nam! No blei eg svulten. Ellers har eg også laga nokre mindre vellykka utgåver av "pølsesaus" og koteletter. Viss noko frista kan eg jo sjekka om eg finn oppskriftene som eg har skrive ned ein eller annan plass. hehe. Eg hørres ut som ei husmor.

03.okt.2008 @ 15:35
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Silje

Åh, takk for inspirasjon! Servelatpølsa hadde eg heilt glømt ut at fantes, da er supergodt! Adding to dinnerlist ;) Vil gjerne ha oppskrift på kjøttdeig, løk, purre og paprika i heimalaga tomatsaus? :) Hørtes skikkelig godt ut!

08.okt.2008 @ 11:30
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Drea

Du tar så fine bilder! :)

28.okt.2008 @ 22:45
URL: http://drea.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6299620


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com