Hobbyvegetarianaren.

Eg er den mest kresne du kan tenkja deg når det gjeld mat. Det har eg alltid vore. Lista over mat eg ikkje likar er lengre enn herfrå til månen, medan maten eg faktisk et kunne vore skribla ned på ein postitlapp. For eksempel har eg aldri likt fisk. Ingen form for fisk faktisk, sjølv om nokre typar går ned med naud og neppe. Eg et omtrent ingen former for kjøtt eller pølsa, og iallfall ikkje store kjøttdeigsklumpar - dei bør helst ikkje vera større enn eit punktum. Steiking av kjøttdeig er altså min jobb i heimen. Det er mange andre saker eg heller ikkje likar, men i middagsrettar er kjøtt og fisk rimelig obligatorisk med mindre ein er vegetarianar. Noko eg ikkje er.
Det er lite fordelaktig å vera matkresen når ein er gravid. Her ein dag hadde bestefar, hvis store fortviling er at eg ikkje likar fisk, skåre ut ei avisnotis til meg. Gravide trenger feit fisk, var overskrifta, og notisen inneheldt - kort oppsummert - kva typar feit fisk er og kvifor gravide spesielt bør passa på å få i seg nok feit fisk. Fisk gjer nemlig barnet meir intelligent. Det heile enda i eit minikurs i forskjellen på feit og mager fisk, eit utval av fleire feite fisketypar som passa til middag, samt røykt blåkveite til middag neste dag. Mine systre lo forresten hysterisk, dei førestilte seg nok ein diger klump av ein fisk.
No må eg for all del ikkje misforståast. Eg er nemlig fryktelig glad i mat og kunne glatt åte heile dagen. Problemet mitt er berre at eg likar feil type mat, for lite sunn mat. Eg kunne lett åte ris og bretagne til middag kvar bidige dag, åte skjeva med sjokade til frukost heile året og for alltid hatt rullekaka og eple som mellommåltid.

eple5

Kommentarer:
Postet av: Beate

Takk for kommentar på min vesle blogg.Ja, det er ikke lett det der...spiser heller ikke fisk (er veg.) men nekter ikke for at det er veldig sunt.Uansett, lykke til med svangerskapet! ooh :D Folk har alle sine egne tips og råd for hva man bør/ikke bør spise =/

01.okt.2008 @ 22:12
URL: http://solstjernen.blogg.no
Postet av: Jeanett

Hehe, vi har det ganske fritt eigentleg. Så lenge det er eit prosjekt innan foto/film så får vi lov å gjere det, så eg laga bok, medan nokre andre lagar reklamefilm. Det er kjekt at det kan vere SÅ fritt :) Hehe, eg er ikkje noko flink på filmtitlar eg heller ;) Takk for tipsa :)Eg og du er nok utruleg ulike i matvegen. Eg et ALT, og spesielt fisk. Men så er eg oppvaksen i ein heim med besteforeldre som lagar alt sjølv, dyrkar eigne poteter, og fiskar sin eigen fisk. Men så har eg aldri smakt så god fisk nokon andre plassar enn hjå dei, då :)

02.okt.2008 @ 10:55
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6294311


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com