Wind of Change.

Det er rart å tenkja på kor eg var for eitt år sidan. Kvelden for nøyaktig eitt år sidan låg eg på golvet og kjende at heile verda snurra rundt meg, og var fullare enn full. Den same kvelden eitt år etter har me vore i bursdagsfest til same person som sist, men fullstendig utan alkoholinntak og kun for eit par timar. Livet mitt idag er så totalt forskjellig frå kva eg kunne førestilt meg for eitt år sidan. Hadde nokon fortalt meg at eg skulle bli mamma som 20-åring, gått høggravid i desember, flytta i leiligheiten til mine foreldre saman med den beste kjærasten i verda - som for øvrig jobba fulltid i Securitas, hadde eg aldri trudd deg. Likevel er dette livet betre enn eg i mine villaste draumar kunne førestilt meg.

No sit eg med tunge augelokk, drikk cola - som for min del er av limited edition sidan eg er gravid og helst ikkje skal drikka så mykje av den slags, og har eit par intense grønne augo i nakken. Eit par fornærma grønne augo, for at eg ikkje orkar å leika så mykje som han vil. Pusi har nemlig berre to modusar, noko som vil seie at han enten er fullstendig i koma eller utruleg leiken. Her er det svart/kvitt, gitt.

eple7

Kommentarer:
Postet av: Anne

Det er rart å se et år tilbake i tid, å se hvor annerledes alt sammen er blitt.

28.sep.2008 @ 01:15
URL: http://annesolem.blogg.no
Postet av: Camilla

Fint bilde og nydelig header :)

28.sep.2008 @ 02:00
URL: http://www.cdidriksen.blogspot.com
Postet av: Jeanett

Ja, det er nydeleg å ta bilete om hausten:) Eg har Nikon D50 :)Det er rart kor alt saman kan forandre seg på eitt år! Og eg veit korleis det er med ein pus som er fornerma, det er han her i huset også, men det er helst når han ikkje får maten han vil ha ;)

28.sep.2008 @ 16:18
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/
Postet av: Silje

Anne: Agreed!Camilla: Tusen takk! :)Jeanett: Haha, kjenner til den typen fornærming òg ;P

29.sep.2008 @ 13:37
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Anne Solem

så gøy :)

29.sep.2008 @ 16:25
URL: http://annesolem.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6272520


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com