My Sticker Album.

Ein av dei beste tinga med å vera storesyster til to jenter på 8 år, er at eg stadig vekk får læra vekk all min kunnskap og erfaring om diverse ting. Blant anna poppisar som dukkar opp. Glansbilete, klistermerke, pogs, fotballkort, serviettar... No om dagen er det klistermerke. Eg blåser støv av mine bortgøymte skattar som eg ved tårer, tenners gnissel og knallharde forhandlingar bygde meg opp ei samling av då det var poppis på mi tid. Å få vise Amalie og Martine kva som var kult då eg var lita, korleis me bytta ("Åh, dadda, den hadde du sikkert fått TRE stykke for!"), læra vekk mitt sorteringssystem. Kven sorterte vel ikkje etter mjukesider (kun for dei mjuke og hårete klistermerka), alt-mogleg-sider, Disneysider og andre temasider?
"Eh, va du sjikkli hekta på Ole Bromm, elle?"  spørte dei og himla med augo då eg opna den eine klistermerkeboka og stolt viste fram alle mine ørten sider med Ole Brumm-motiv. Småjenter idag er tydelegvis ikkje lika opptatt av kven som er søtast av Brumm, Nasse eller Tussi som me var då me var små (Hannah Montana, derimot). Ole Brumm var nemlig, i våre augo, heilt fantastisk søt og eg bytta kun Brumm-klistermekene eg hadde to av. Eventuelt dei med Sprett på, for han var langt i frå søt nok.
Amalie og Martine har no blitt så store at det er stas å få arva nokre av mine gamle klistermerker. Dei forstår at dei må ta godt vare åp dei og tenkje seg godt om før dei byttar. Ikveld fekk dei velja seg 5 stk kvar. "Åh, di andre komme te bli SÅ misunnlie! Eg ska ALDRI bytta an vekk, dadda!"

stickers
Supersjeldne, store klistermerke.

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6257837


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com