140.

Dunkdunk, dunkdunk, dunkdunk... I dag har eg høyrt verdas beste lyd igjen. 140 små hjarteslag i minuttet, på ein perfekt baby. Nurket er no vaken store delar av dagen og lar meg virkelig merka at "hei - her er eg!". Han sparkar nemlig i hytt og pine, til mi store begeistring. Av og til når eg sit heilt i ro kan eg sjå at magen bevegar seg. I dag fekk eg til og med kjenne hovudet til babyen mellom hendene mine. Kan du tenke deg noko meir fantastisk? Det vesle, skjøre babyhovudet, trygt plassert langt inne i magen min. Babyen vår. Eg er 24 herlege veker på veg i dag. Eg nyt verkeleg å vere gravid, nei, eg elskar det.

Ein av eigenskapane eg set mest pris på hos meg sjølv, er at eg kan samanliknast med ein sparegris. No har eg nettopp rydda rundt PC-pulten min, og kva fann eg? 600 kroner. Eg har nemleg ein tendens til å legge pengar, gjerne sedlar, rundt om kring, for så å gløyme dei att. Eg finn dette utruleg smart, ettersom eg vert like glad når eg finn dei att, som når eg fekk dei - om ikkje gladare. Gøymt i alt rotet på PC-pulten min låg altså ein splitter ny ekstern harddisk, berre at ingen har vore å trolla den ut av pengeforma og inn i ekstern harddisk-form enno.

Andre saker eg fann i rotet:

brev
Brevet eg fekk av ein framand mann på flyet heim frå Hellas.
Tenk at det finst sånne folk!


oldclass
Bilete av litt av mediaklassen, då me gjekk i 2. På hotell i Stavanger.
Eiliv, Ingrid, meg, Daniel, Gunhild og Roy Kenneth.


wow2
Boksen til mitt yndlingsspel. Eg saknar det dagleg.

Kommentarer:
Postet av: Susanne

Morsomt Morsomt:)Jeg elsket filmen :)

18.sep.2008 @ 20:31
URL: http://www.susannevedvik.blogg.no
Postet av: Gunhild

World of warcraft? Thomas hadde elska deg hadde han visst om da ;)

20.sep.2008 @ 01:27
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Heléna

So søtt :)Lykke til vidare i svangerskapet! Hørtest skikkelig flott ut :)WoW <3

20.sep.2008 @ 23:41
URL: http://helenamn.blogspot.com
Postet av: Silje

Gunhild: Haha! Christian som fekk meg hekta, trur han var rimelig fornøyd med da. ;) Men no har me pause begge to, altså. :PHeléna: Takk! :D Enig <3

21.sep.2008 @ 11:11
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Gunhild

Så det er kjekt altså? Eg bør prøva da?Trur Thomas hadde vore rimelig fornøyd han og, då:pSagt da til kompisane ;)

21.sep.2008 @ 22:26
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Silje

Eg syns du bør prøva. Men da koster pengar i mnd då, men da visste du vel? Dog, da tar opp utrulig mykje tid om du lar da! Hadde iallfall ein usunn innvirkning på lekselesingo mi, men eg var rimelig skulelei uansett, så :P Thomas hadde blitt superhappy! Så kunne eg starta igjen (før babyen komme), så kunne me spelt ilag! ;)

22.sep.2008 @ 00:43
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Vero

Wow eier. :)

26.sep.2008 @ 10:45
URL: http://verhoe.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6228620


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com