Eit ørlite hei - til andre enn meg.

No har eg nett sett komiprisen medan eg har logge på rygg og trykt på tjukkemagen - i håp om å kjenna ørsmå dunk innanfrå. Eg kjente dei nemlig for fyrste gong i dag tidleg då eg vakna. Den eine handa låg plassert på magen - og plutselig kjente eg to lette trykk mot handflata mi. Det same skjedde no ikveld. Endeleg kan andre enn meg kjenne all aktiviteten som føregår! Dog, med ein gong mamma plasserte hendene sine og trykte lett, slutta det. Sjølvsagt. Ho seier det hjelper med appelsinjuice. Både meg og mine systre blei tydeligvis veldig aktive då ho drakk det, men dessverre hadde me ikkje noko slikt i hus. Ergo må eg kjøpe på måndag. Kvifor vert nurket aktiv av appelsinjuice?

No skal eg straks køyre å hente Christian som har jobba kveldsskift. Sidan skal me heim å sjå to House-episodar før me må leggja oss. I morgon tidleg skal eg nemlig køyra han på ny vakt - klokka 07. Stakkar, 07 - 19. På min agenda i morgon står derimot omtrent berre lekser. Har eit par innleveringar og sikkert 50 sider med "hand-out"-stoff som eg må lesa gjennom til måndag. Det vert litt av ei omvending, eg som ikkje har gjort lekser på ein evighet. Uansett, god natt - frå meg og nurket.

202
21 +2. Merk forresten Pusi sine fira kloremerker
oppe på magen. Då eg strauk meg - hoppa han opp og klorte
seg fast.

Kommentarer:
Postet av: Anne

Å, Silje! Så stor mage allerede. Glede meg til å sjå i januar :)

31.aug.2008 @ 21:13
Postet av: Silje

Oi, så stor magen va blitt :) fått veta ka kjønn da blir !?:)

06.sep.2008 @ 13:04
URL: http://www.siljewaage.blogg.no
Postet av: Drea

Wow, så fin mage du har! :D Jeg håper min mage er så fin i uke 21. Den bør vokse SNART! :D Gleder meg til jeg kjenner liv daglig også. :)

09.sep.2008 @ 10:43
URL: http://drea.blogg.no
Postet av: Daniel

staike så stor å fin mage du har fått! :)tippe du glede deg masse masse:D:D

10.sep.2008 @ 03:51
URL: http://www.youporn.com
Postet av: Silje

Anne: Eg òg! ;)Silje: Dei er ikkje heilt sikre, men på forrige ultralyd trudde ho kanskje at da var ein gutt, men da var litt vanskelig å bestemma siden navlestrengen låg mellom beino og skjerma litt. Ikkje nok te å gå te innkjøp av tusen blå ting, altså ;)Drea:Tusen takk! Bare vent, den vokser heilt plutselig! Min blei kjempeforandra på eit par dagar, berre. Gled deg ;)Daniel:Å ja, me gleda oss kjempemasse! :) Magen er stor ja, og tenk, da der var for 1 1/2 veka si! :P

10.sep.2008 @ 14:44
URL: http://siljeht.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6151603


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com